lørdag 2. januar 2016

Kort anmeldelse av "Skatten fra Miklagard"


Eg synast «Skatten fra Miklagard» var ei spennande bok. Eg blei oppslukt av ho allereie frå første side. Hendingsganga og oppbygginga var bra og minna mykje om ei anna ungdomsbok av same forfattar. I tillegg til at boka fortel ein spennande historie, så er også utforminga og virkemidla med på å gjøre boka betre. I staden for å fortelja ei historie med ein synsvinkel, brukar Egeland fleire synsvinklar som gir forteljinga meir farge, vi får sjå situasjonane gjennom fleire auge. Egeland spelar godt rundt dette, ved å til døme bygge opp spenninga og forventningane og så bytte synsvinkel på toppen av spenningskurva. Dette er ein av hovudfaktorane til at eg nesten ikkje klarte å leggje boka i frå meg. Kvar gong eit kapittel slutta var det så spennande at eg måtte fortsetje å lese. I tillegg var det alltid noko uoppklara som ein ikkje fekk vite svaret på før seinare i boka. Eg hadde heile tida spørsmål som eg ikkje fekk svar på med ein gong. Bruk av andre virkemidlar som til døme frampeik ga meg informasjon som ikkje personane i boka visste enda. Det er nok eit eksempel på små detaljar som gjør forskjell.

                Temaet forteljinga hender rundt er om vikingar og for å ikkje skape forvirring eller for å lære lesaren meir om det som hender eller blir snakka om, har forfattaren plassert «faktaboksar» i margen. Boksane på sida av teksten inneheld til døme eit bilde og litt tekst som gjer at det er lettare å følgje med. Dei er godt fletta inn i forteljinga.

                Boka inneheld relativt få personar der alle er viktige. Konfliktane mellom personane blir meir og meir intens etter kvart som historia utfoldar seg. Tevlinga mellom hovudpersnonane og dei «slemme» personane, i tillegg til Roberts evige konflikt med mora, der han må lure seg unna for å fortsetje undersøkingane gjer boka meir spennande.

                Alt i alt synes eg at boka er verdt å lese og eg anbefaler ho sterkt til andre ungdommar som leiter etter ei litt lettlest, men spennande bok. Eg vil seie at boka passer for alle aldre, både bestemødrer og onklar vil også like denne boka. Alt som forfattaren har lagt til, i tillegg til sjølve historia er store pluss som gjør boka meir variert og lettare å lese (til døme boksane i margen).